Det Norske Teatret

Det Norske Teatret

Det Norske Teatret er eit av landets største teaterhus.

Etter nesten 70 års kamp for å få sitt eige teaterhus blei det noverande teateret i Kristian IVs gate 8 opna i 1985, teikna av 4B Arkitekter. Ein av Noregs største teaterscenar bygd i betong og stål, og kledd i tegl, kopar og glas. Foajeen blei renovert for moderne tider i 2018. Det blei bygd nye barar og ny billettluke med eigen teaterbutikk. 

På omvising vil du få eit historisk tilbakeblikk på stiftinga av Det Norske Teatret og korleis eit nytt teaterhus blei reist. Du får bli med bak kulissane i eit 26 000 m2 levande teaterhus med fire scenar, prøvesalar, lydstudio, verkstader (målarsal, snikkarverkstad, kostymeavdeling, maskeavdeling og smie) – og ein av Nord-Europas største vareheisar!

Adresse

Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo

Tidspunkt

Åpen foaje  laurdag 11-18 og søndag 12-18

25. -26. september 2021

Omvisning

Kl 12.30 og 13.30 begge dagar. Kun 25 gjester pr gruppe – først til mølla! Omvisinga teg om lag 1 time