Omvising laurdag kl. 12.30 og kl. 13.30.

Det Norske Teatret

Kristian IVs gate 8
Open foajé laurdag kl. 11-18

Omvisinga tek om lag 1 time, maks 25 gjester per gruppe. Oppmøte i foajeen.

Det Norske Teatret er Noregs største teaterbygg med eit bruttovolum på 150 000 m³. Det har tre scenar, ein foajéscene, verkstadar, prøvesalar, restaurant og fleire barar. Bygget sto ferdig i 1985, og er plassert i ein trong kvartalsstruktur i sentrumskjernen av hovudstaden. Det Norske Teatret er eit nasjonalteater som spelar på nynorsk og norske dialekter. Teateret er teikna av 4B Arkitekter og er eit markant postmoderne bygg frå 80-åra som i tillegg har ei sterk forankring i den modernistiske arkitekturen.

Bygget fekk Oslo Bys kunstnarpris i 1986. Bygningen er av armert betong, og fekk same år æresprisen «Betongtavlen» for bruken av betong på ein miljøvennleg, estetisk og teknisk utmerkt måte. Fasaden er forblenda med raud tegl og taket er flatt. Scenetårnet er kledd i koppar, og med sine 35 meter er det svært synleg i taklandskapet i Oslo sentrum, spesielt frå sørvest. Fasaden er om lag 80 meter lang, inngangspartiet mot Sehesteds plass er konvekst utforma med fire søyler og store vindauge mot publikumsområdet.

Bygget står oppført på Gul liste som eit godt bevart føremålsbygg med høg samfunns- og kulturhistorisk verdi, i tillegg til høg symbolverdi som hovudarena for det nynorske språket i Noreg. I grunngjevinga frå Byantikvaren i Oslo står det vidare at teaterbygningen har høg arkitektonisk verdi som eit av Oslos viktigaste postmodernistiske bygg, med store arkitektoniske kvalitetar. 

Foto: Arkitekturfoto

Skroll til toppen